Turnéfolk: Roald Kaldestad

Kvifor turnerer du, og kva gjer du eigentleg når du er ute og reiser?

Som forfattar begynte eg å turnere i år 2000. Då hadde eg akkurat debutert med boka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, og fekk tilbod om å reise rundt på skular i heile Kvinnherad. Det viste seg å vera både kjekt og godt betalt, så eg heldt berre fram med å turnere, og likar det i grunn betre og betre. Sidan eg ikkje likar så godt å turnere åleine, har eg etterkvart ordna meg slik at alle mine litterære produksjonar er i samarbeid med ein musikar. Og oftast er det Roy Ole Førland eg har gleda av å rakse rundt saman med. Me to har vore vener sidan første klasse på barneskulen, så det er ei fin blanding av business og pleasure. Etter alle desse åra kunne me to ha skrive lange reisebloggar & restaurantmeldingar frå heile landet, for sidan arbeidsdagen jo er ganske kort, så er det rikeleg med tid til å teste ut kafear og restaurantar og pøbbar etc. Ellers er det jo mykje tid til å lese bøker, slange seg på hotellsenga og å sjå på TV. (Sist eg var på turne såg eg f.eks Hurtigruta minutt for minutt frå A til Å.) Eg joggar også annankvar dag.

Kva er det beste turneminnet ditt?

Åh, det er så mange. Har i grunn ingen dårlige minne, men det kjekkaste er jo alt det smellsøte, løgne og overraskande som ungane spør om. – Er du fra Nord-Norg … nei, jeg mener Ny-Norge lurte ei lita jente i Oslo på. – Kan man lage kake uten egg? var det ein liten luring som lurte på. -Kan du fikse hårbøylen min? sa ei litt molefonken jente. Og det kunne eg faktisk, for eg hadde sterk gaffateip i gitarbag’en min. Kva er ein forfattar, spurte eg ein førsteklasse på Askøy. Ein førsteklassing rekte opp handa. -En som reiser rundt og gjør folk glade, sa han.

Og det verste?

Mest spanande var i alle fall skulebesøket på den vesle øya Leka, heilt nord i Trøndelag. Då ferja hadde humpa oss ut dit i eit forferdeleg ruskever, blei me møtt av ein lærar som utbraut: – Jøss. kom døkk over, altså!? Jaja. No er ferja i alle fall innstilt. Så der sat me. På ein fredag. Og Trøndelagsturneens siste dag. – I fjor på desse tider var ferja innstilt i to veker, sa gymlæraren. Men etter førestilling, og to timar med neglebiting på ferjekaien, kom me oss heldigvis til fastlandet.

Har du ei festleg turnehistorie som du kan dela?

Dei festlegaste eignar seg kanskje ikkje på trykk her, men litt artig var det jo då me framførte den veldig rolege og poetiske førestillinga To hundre og sekstini dagar for tre hundre og åtti småskuleelevar, i ein ganske liten gymsal på Rena i Hedmark. Etterpå fekk me vita at dei hadde gjort feil, og at elevane eigentleg skulle ha vore fordelt på tre førestillingar. Men det gjekk jo greitt, og så fekk me fri to timar tidlegare.

Elles då?

Elles er livet godt. Ferie eit par dagar til, før eg skal spela med Sigrid Moldestad i Breim og Bergen. Gler meg til det!

I denne spalta deler turnerande menneske sine beste historier frå livet på vegen. Alle historiene finn du samla her.

Fullt namn: Roald Kaldestad
Alder: 48
Favorittfarge: raud
Badar helst i: kkje

Publisert av Anders Totland

Forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: