Turnéfolk: Atle Hansen

Kvifor turnerer du, og kva gjer du eigentleg når du er ute og reiser?

Eg likar å opptre, har gjort det nesten heile livet, først med synging og speling, teater, og etter at eg vart forfattar med opplesing og forteljing. Og det er det eg gjer, syng, spelar, les, fortel og gjer meg til, som det heiter. Fortel mest.

Kor lenge har du drive på?

Som turnerande forfattar, sidan eg debuterte i 1997. Som songar, sidan eg var 15.

Kva er det beste turneminnet ditt?

Eg har mest gode turneminne. Dei beste er små øyeblikk, då elevar, ofte gutar som lærarane har åtvara mot på førehand, stiller uventa spørsmål som ikkje handlar om kva bil eg har, eller kor mykje eg tener. Andre gode minne er når elevar som elles aldri snakkar eller deltek i klassesamtalen uventa tek ordet. Ein gong eg hadde eit skrivekurs i ein tiandeklasse, var det ein gut som berre hadde rista på hovudet når eg spurde om han ville dela med oss andre det han skreiv, men som heilt til slutt, når kurset var over og eg spurde han ein siste gong, leste høgt og det var den finaste teksten, og læraren vart nesten sjokkert for dette hadde han aldri opplevd før med denne eleven, at han tok ordet.

Og det verste?

På ein skule  der ein lærar gjekk bak i gymsalen og snakka høgt i telefon medan eg heldt på, elevane snakka i munnen på kvarandre, og ungdomsskuleelevane sette på lydanlegg med EDM på dundrande desibelnivå på skuleplassen. Eg berre gav opp lenge før eg var ferdig, og sa at dette gidd eg faktisk ikkje.

Har du ei festleg turnehistorie som du kan dela?

Dagen etter skrekkopplevinga eg fortel om over, kom eg til ein skule nokre kilometer lenger borte i vegen i same kommune. Der venta lærarane på meg i spenning, dei gledde seg, sa dei, dei hadde høyrt så mykje bra om dagen før. Eg vart forbausa, nesten sjokkert, eg hadde jo hatt det frykteleg. Det viste seg at ein av lærarane på denne skulen eg no var på, hadde ein son som var elevpå den førre skulen, han hadde visst nok asperger eller noko slikt, og deltok berre motvillig, og helst ikkje, på førestillingar og tilstellingar der mange var samla, men han hadde komme heim og fortalt om kor kjekt det var det programmet eg hadde hatt (og som eg avbraut). Eg las heile «Den svarte oksen» medan eg laga improvisert lydkontentum på el-gitar til/live-lydbok. Kanskje ikkje ei festleg historie, men i alle fall fortalde dette meg at sjølv når du opplever deg som mislukka, eller at du kastar perler for svin, så kan det sitja nokon der, stille for seg sjølv, og ha ei god oppleving likevel.

Det minst festlege er forresten hotell og hotellmat av vekslande kvalitet, og lange ettermiddag og kveldar for seg sjølv.

Elles då?

Elles er eg for det meste slutta å turnera, har ikkje søkt om DKS-turnear på fleire år, men tek imot oppdrag når eg blir spurd, og det hender det framleis at eg blir. Vart lei dei lange hotellettermiddagane, leitinga etter skular og klassar, og møte med lærarar som gav blanke i om eg kom eller ikkje, men helst såg at eg blei ferdig fortast mogeleg, så dei fekk halda fram med sitt. Men elevane, ungane, lesarane mine, vart og vert eg aldri lei. Dei skulle eg gjerne møtt oftare enn eg gjer no. Til hausten kjem eg med ny bok, så då kan det henda at ein eller annan skule tek kontakt, eg håpar det.

I denne spalta deler turnerande menneske sine beste historier frå livet på vegen. Alle historiene finn du samla her.

  • Fullt namn: Atle Hansen
  • Alder: 65
  • Favorittfarge: Blå, kanskje. Svart. Eller brunt, eller grønt eller raudt. Ikkje gult og rosa, i alle fall.
  • Badar helst i: badebukse

Publisert av Anders Totland

Forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave.

One thought on “Turnéfolk: Atle Hansen

  1. God og realistisk skildring av møte med elevar, skular, klassar og ikkje minst, lærarar. Rektorar/skuleleiarar kunne også vere nemde, det er dei som legg føringa for korleis skulen er, bl.a. korleis tilsette og elevar tek i mot og oppfører seg i møte med formidling av m.a. litteratur, musikk og andre kunstformer som dei har takka ja til å få til skulen sin. Ein kunstnar spurte meg ein gong, då eg var utdanningsdirektør og vi hadde ansvar for organisering av rikskonsertane : Kvifor er det så stor forskjell på skulane ? Nokre stader er dei godt førebudde, elevane veit at vi kjem, tek høfleg i mot og viser veg til administrasjon og lærarrom. Andre stader blir vi ignorerte og elevane veit ikkje kva som skal skje ? Ja, sei det ? Alle som abonnerte på konsertar fekk tilsendt førebuingsmateriale, og hadde forplikta seg til å legge til rette for at elevane skulle vere budde til konserten/forestillinga. Nokre brydde seg ikkje, og det viste seg tydeleg hos elevane. Med til historia er at eg ofte kunne fortelje kva skular som utmerka seg i den eine eller andre retning, frå eigne erfaringar og frå det eg/vi elles viste om kvaliteten på arbeidet på skulen, resultat m.m. Dei skulane som la like stor vekt på elevane si danning, som dei vektla utdanning i snever forstand, og la vekt på det generelle læringsmiljøet, utvikling av empati og sosial læring, elevane sine kreative evner, kristisk tenking og gode arbeidsvanar, skåra også høgast på den slags snevre kunnskapstestar som så mange har vore opptekne av i måling- og vegingsregimet, dei siste tiåra. Vi veit faktisk, frå forsking og erfaring, at utvikling av elevane sine kreative evner, kunst og kultur i opplæringa, gir den beste generelle læringa.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: