Ein liten presentasjon

Folk rynker gjerne litt på nasen når dei spør kva eg jobbar med, og eg svarar at eg skriv bøker, men at den største delen av jobben min er å turnera. For kva turnerer liksom eg med, som verken dansar for Rikskonsertane, speler i rockeband eller syng i Sølvguttene?

Det deilige svaret på det er: Kva som helst. Men aller mest skulebesøk, der eg på ein eller anna måte tar utgangspunkt i ei eller fleire av bøkene eg har skrive, i møte med ungdommar. Og finn eg eit piano på scenen, kan du vera sikker på at eg finn noko å bruka det til i løpet av økta, anten det er planlagt eller ikkje.

I tillegg held eg såkalla foredrag. Eg kjenner meg ikkje heilt som ein foredragshaldar, men eg snakkar om ting mot betaling, og då kallar ein det visst foredrag, anten det handlar om matauk eller slavehandel eller gamle, skumle sjukdommar som eg har skrive bok om.

Og så er det alle litteraturfestivalane, då, der eg både intervjuar andre og blir intervjua sjølv. Dei er det ganske mange av. Og det er ganske fine jobbar. For der er det som regel fleire som skal på jobb samtidig, sånn at me som elles reiser åleine rundt i landet får høve til å gå ut og eta saman med nokon, og kanskje til og med ta eit glas vin og preika litt skit med gode og mindre gode kollegaer.

Denne hausten skal eg til dømes på fem-seks festivalar, sånn det ser ut no. I tillegg kjem eit par jobbar eg ikkje kan seia noko om enno, tre veker med skrivekurs, fem foredrag for vaksne og åtte veker med skulebesøk i regi av Den kulturelle skulesekken.

Og innimellom skal eg prøva å skriva nokre bøker, og forhåpentlegvis vera litt heime. Målet er at det skal komma nokre nye bøker over nyttår, i ulike sjangrar.

PS: Om du nettopp har forvilla deg inn på denne bloggen, og ikkje anar kven eg er, finst det ein slags presentasjon her. Eg heiter forresten Anders. Hei!

Publisert av Anders Totland

Forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: